Viktig etter kirurgi


Ting ein må tenke på etter kirurgiske inngrep i munnen

    Det er viktig å kjenne til dei normale reaksjonane som kan forekomme etter eit kirurgisk inngrep i munnhulen. Det er ikkje gitt at alle reaksjonene som her er nevnt vil oppstå. Men dess vanskeligare og meir tidkrevande inngrepet er, dess større sjanse er det for at dei vil oppstå, og dess meir uttalte blir reaksjonane. Dette skrivet er myntet mest på fjerning av visdomstenner, men vil også gjelde for inngrep som trekking av andre tenner, rotspissamputasjon ( fjerning av rotspiss) og tannkjøttsoperasjoner.

Dersom det etter operasjonen skulle oppstå noko som fell utanfor denne beskrivelsen ta då kontakt pr telefon : 700 55 400, eller 988 46 461 etter arbeidstid. Skulle det elles vere noko ein lurer på i forbindelse inngrepet så ring gjerne.

 Blødning : Trass at ein oftast har sydd så er blødning ikkje uvanlig første dagen, men  i små mengder . Desse stoppa lettast ved at ein bit på  kompress ( gasbind) som er plassert over såret i ca 20-30 min.

 Blåmerke : Kan oppstå etter operasjon, vil forsvinne heilt i løpet av nokre veker.

 Smerte : Smerte er ein relativ vanlig tilstand etter eit inngrep av denne art. Den kjem når bedøvinga går ut, og dei første timane kan ofte vere dei mest intense. Dette skuldast auka blodgjennomstrømming i operasjonssåret etter at bedøvinga går ut. Smerten og hevelsen er vanligvis på retur etter 36- 48 timar. Bruk smertestillande etter behov. Dersom det går unormalt lang tid før bedøvinga går ut, ta då kontakt med tannlegen.

 Hevelse : Hevelse er vanlig, den er vanligvis på retur etter 36-48 timar.

 Nedsatt gape -evne : Stivhet i gapemuskelatur etter inngrepet, og hevelse pga operasjon kan gi nedsatt gapeevne. Dette vil forsvinne etter nokre dagar.

 Feber : mild feber kan oppstå like etter operasjonen, men økt kroppstemperatur skal ikkje vare lenge, og feber skal ikke vere høg.

Operasjonssår i munnen kan ikkje som andre operasjonsår beskyttast med    bandasje, så for å få ei mest mulig kompikasjonsfri grofase lønner det seg å vere forsiktig  med sårområdet . Tre forhold bør ein tenke på :

 Kosthald : Mest mulig flytande og halvfast kost første dagane for å unngå å få faste matbitar i såret. Men det er viktig å få i seg næringsrik kost i perioden.

Munnhygiene : God munnhygiene er veldig viktig. Puss grundig den ”ikkje opererte” delen av munnen, forsikig kring operasjonssåret dei 3 første dagane. For å hindre bakterievekst anbefales munnskyllevæsker som Corsodyl og Hextril ; 2 x dagen eit minutt kvar gong ( for corsodyl)

Anstrengelsar : Unngå tung arbeid og trening dei første dagane til at ein ser at tilhelinga er godt i gang utan komplikasjonar.

 

 

 

Comments are closed.