Tenner og trygd

 

 

Ein del pasientar får stønad til tannbehandling. Det kan vere yrkeskader, annan sjukdom eller medisinbruk som gir redusert tannhelse. Tannlegane forheld seg no meir til HELFO (Helseøkonomiforvaltningen) enn til det lokale NAV kontor når det gjeld stønad til tannbehanling på grunnlag av ulike sjukdomstilstandar. HELFO har gitt klarare retningslinjer i høve kven som skal få og kven som ikkje får stønad, det er no mindre rom for argumentsjon og skjønn i høve til om ein får stønad. Dei har utarbeida 15 innslagspunkt ( grunner) til stønad, her er hovudpunkta:

  1. • Sjelden medisinsk tilstand/sjukom. Oppdatert liste over diagnoser finn ein om ein søker på SMT på HELFO sine sider.
  2. • Leppe-kjeve-ganespalte pasienter.
  3. • Svulster i munnhulen, tilgrensende vev eller i hoderegionen forøvrig, fks kreftbehandling/stråling mm
  4. • Infeksjonsforebyggende behandling ved særlige medisinske tilstander, fks ved cellegift, transplanasjoner ,hjerteoperasjoner, autoimmuene sjukdomar mm.
  5. • Sykdommer og anomalier i munn og kjeve,fks visdomstenner, cyster godarta svulster
  6. • Periodontitt ( tennene løsner av ulike årsaker)
  7. • Tannutviklingsforstyrrelser, dårlig mineralisering ( kvalitet/kvantitet), manglande tannannlegg( agnesi)  mm
  8. • Bittanomalier
  9. • Patologisk tap av tannsubstans ved attrisjon/erosjon ( tanngnissing, syreskader osv)
  10. • Hyposalivasjon (munntørrhet pga sjukdom , medisiner eller alder.)
  11. • Allergiske reaksjoner mot tannrestaureringsmaterialer
  12. • Tannskade ved godkjent yrkesskade
  13. • Tannskade ved ulykke, som ikke er yrkesskade
  14. • Manglende evne til egenomsorg ved sykdom eller ved varig nedsatt funksjonsevne ( nedsatt allmennhelse gjer tannhygiene vanskligare)

 

Det er viktig at ein opplyser om endringer i helsetilstand til tannlegen også pga dette, tannlegen skal då vite om dette kan påverke di tannhelse og kva rettigheter du har i høve HELFO.Vil ein lese meir om dette finn ein meir på denne linken til HELFO:
Dersom ein meiner ein har rett på stønad til tannbehandling på grunnlag av at ein for lav inntekt / dårlig råd er det forsatt det lokale NAV kontor ein søker til. Då må ein først få utarbeida kostnadsoverslag på nødvendig tannbehandling, så vil NAV vurdere om ein kjem innanfor grense som er satt for å gi stønad, og kor stor del av kostnadane ein i så fall får dekt. Dette vil vere ei individuell vurdering frå NAV, tannlegen vil kun utarbeide kostnadsoverslaget. Skuldast tannbehandlingsbehovet noko som kjem inn under dei 14 nevnte innslagspunkta under HELFO vil dette også her dekkes først, men overskytande «egenadel» ut over dette kan ein då søke stønad til på det lokale NAV kontor.

Tidligare kunne ein også legge ved egenadelen for enkelte typer medisinsk behandling som grunnlag for å få trekke det av på skatten, dette er no teke bort. All stønad frå stat -kommune  skal kome direkte frå HELFO eller NAV, og ikkje via fråtrekk på skatten.

Har du spørsål om stønad til tannbehandling så ring oss på 700 55 400