Akuttbehandling

.

Tannskader kan oppstå på mange forskjellige måtar. Tennene kan frakturere, bli slått lause eller slått ut. Dersom du straks kjem til tannlegebehandling, kan dei kanskje brukast om igjen. Det kan bli både ei betre og ei rimlegare løysing enn om dei må ersattes.

Skjer det en ulykke, der du sjølv eller andre slår munnen slik at det blør, må du alltid sjekke om det mangler tenner eller tannrester. Du eller den som har slått seg må gjere dette med en gang, ved å kikke eller føle inn i munnen på den som har slått seg.

Utslåtte tenner

Dersom ei eller flere tenner er slått ut, må dei finnes med en gang. Dei kan nemlig i mange tilfeller brukast om igjen, dersom dei behandlast korrekt og settast på plass av ein tannlege så hurtig som overhodet mulig. Etter relativt kort tid kan det vere for seint, alle fall om tanna som er slått ut og tørker inn. Prognosen fell raskt etter ein time.

Utslåtte tenner må aldri få tørke inn. Hold dei fuktige i munnen under tunga/i munnen , i fysiologisk saltvatn (1 spiseskje koksalt i 1 liter reint vatn), eller nesten like bra ; i melk. Reint vatn er ikkje så bra . Legg aldri tenner eller tannrester i munnen på personar som er bevisstløse, halvt bevisstløse eller personar i sjokk.

Melketenner

Melketenner skal ikkje settes på plass igjen, fordi dette kan irritere/skade permanente tannanlegg som ligger djupare i kjeven. Små barn bør ikkje sjølv oppbevare tannbiter i munnen. Det kan mor, far eller andre gjere underveis til tannlegen. Saltvatn vil vere best.

Skeive tenner

Kanskje er tennene ikkje slått helt ut ,men sitt berre litt skjeivt. I så fall må tannlegen også straks ha mulighet til å rette opp på tennene. Også mindre skader, kanskje berre slag mot kjeve som ikkje umiddelbart viser teikn på frakturer/skader er det lurt å få sjekka innan relativt kort tid. Dette fordi tenner ofte kan få seinskader av slike slag, og då er det greit å registrere dette tidlig. Ein får nemlig ofte økonomisk stønad frå det offentlige eller private forsikringar på denne type skader, og har ein registrert like etterpå så står ein sterkare i høve eventuell stønad. Ved behov for behandling vil det også vere gunstig for sluttresultatet å kome raskt i gang.

Tannlegevakt

Det finnes ikkje tannlegevakt for Volda – Ørsta  etter vanlig åpningstid.

Ein må prøve nå den tannlegen,  privat som offentlig, som kan vere tilgjengelig. Våre mobilnummer finn ein på fremside på denne nettstaden