Protetikk

Vi utfører alle typer krone-bru behandlinger og avtagbare proteser.

Protetikk går ut på at ein ersatter tenner som er tapt.  Det kan deles i fast eller avtagbar protetikk. Det sist er heilproteser ( «gebiss») eller delprotese der ei eller feire tenner står i protese, kombinert med pasientens egne, faste, tenner.

Dersom ein ei tann er så skadd at tradisjonel fylling ikkje vil fungere, vil ei tannteknikker-framstilt krone kunne fungere, om tannrota gir feste for dette. Då tek ein avtrykk av tann, får framstilt ny tann av tannteknikker som tannlegen «limer» fast.

Dersom ein ønsker faste tenner som erstatning for tenner som er bort kan ein vurdere tradisjonell bru-løysing eller implantatbehandling. Kva som er beste løysinga må ein vurdere i kvart enkelt tilfelle. Her vi nabotenner til den  tapte tanna ha mykje å seie, og det er eit kostnadsspørsmål. Prognosen kan ofte vere like god for begge alternativa, dette må vurderes nøye i kvart enkelt tilfelle.

Ved brubehandling er ein avhengig av nabotenner som er solide nok til å holde konstruksjonen. Men desse nabotennene må prepareres /slipes, og er det nærast «feilfrie» tenner uten fyllinger er implantatbehandling godt alternativ til å måtte slipe på friske tenner. Då blir det satt inn ei «kunstig rot» for tann som er tapt. Denne er framstilt i titan og kalles eit tannimplantat. På dette tannimplantatet kan tannlegen feste ei krone. Ei bru kan også framstilles på implantat, ein  må då ha to eller fleire implantat. Implantatbehanling har blitt ei svært vanlig  og utprøvd behanding med god prognose siste 30 åra. Dei fleste kan få dette, sjølv i høg alder. Men pasienten må utredes grundig før behandling ; mangel på kjevebein, nær relasjon til bihuler , infeksjoner i kjevebein ( bla periodontitt) kan gi vansker. Storrøykere bør ikkje få utført implantatbehandling.

Vi er Helfo-godkjent for å utføre implantatprotetikk der pasienten har krav på stønad til implantatbehandling.